Laster Arrangementer

 

Sted: Buskerud Landbruksskole Auditoriet, Buskerudveien 134, Åmot
Arrangør:  Norsk Landbruksrådgiving Østafjells
Kursavgift: 250 kr/medlem 350 kr/ikkje medlem NLRØ. 

Påmeldingsfrist 22. mars kl 2300 http://Påmelding Her mob. 952 86 000
Høgare pris på kunstgjødsel betyr at husdyrgjødsla også har fått langt større verdi. Det er prisen på fosfor (P) som har auka aller mest internasjonalt. Og fosfor er  det mykje av i husdyrgjødsel. Dette gjev auka fokus på å nytte husdyrgjødsel best mogeleg. Endra fosfornorm gjer også at ein bør spreie husdyrgjødsla over eit større areal.
NLR Østafjells har i dei siste åra gjennomført ein god del prøvetaking og påfølgjande vurdering av husdyrgjødselprøver. Rett bruk av gjødsla er viktig både ut frå ynskje om maks avling, økonomiske og miljømessige omsyn. Svært ofte vil desse omsyna dra i same retning m.h.t. å tilpasse gjødselmengder, spreiemetode, transportavstandar m.m. Nokon gonger vil det være behov for avvegingar mellom ulike omsyn, og dette vil også bli drøfta i møta.

Tema:
Husdyrgjødsla sitt næringsinnhald og verknad på gjødselinnkjøp:
– Resultat frå NLRØ-prosjekt
Erfaringar frå NLRØ`s flistalleprosjekt.
Tips for å oppnå betre kapasitet på utstyr, høgare kroneverdi på husdyrgjødsla og lågare spreiekostnader
Innleiarar er Mari Hage Landsverk og Aslak Botten, NLRØ

Frøysokstugu, Heradvegen 206, 3550 Gol, kl.  1930-2230
Torsdag 15/4-2020 Påmeldingsfrist 12. april kl. 2300.
Vinjehuset, Raulandsvegen 60, 3890 Vinje – Møterom 2.etasje 1200-1500
Seljord: Granvin kulturhus, Nyveg 16, 3840 Seljord – Trevet 1930-2230

Møtene er støtta med Klimamidlar frå Fylkesmannen i Buskerud og Telemark

 

 

Del gjerne i sosiale medier

Ønsker du å legge til ditt eget arrangement?

Klikk her

Go to Top