Laster Arrangementer

Om Dyrsku’n

Dyrsku’n er viktig møteplass for mat og landbruk, handel, politiske debatter, foredrag og rotekte opplevingar.

Sidan 1866 har folk valfarta frå heile landet til den tradisjonsrike Fesjåplassen i Seljord for å kjenne den særeigne stemninga og oppleve kulturberaren og folkefesten Dyrsku’n. Her finn du utstilling og dømming av dyr, kulturprogram med lokale og nasjonale aktørar, husflids- og handverksutstillingar, historisk framvising av landbruket, samstundes som innovasjonen også står sentralt under arrangementet.

Du kan handle frå over 800 utstillarar som tilbyr det meste innan dei fleste kategoriar i varehandelen, i tillegg til mange aktivitetar for små og store gjennom heile helga.

Vi ynskjer deg hjarteleg velkommen til livlege og innhaldsrike marknadsdagar!

Les mer her: www.dyrskun.no

Del gjerne i sosiale medier

Go to Top